Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Først og fremst veldig kjekt – dedikert og dyktig kollegium syt for det. Vi har kultur for god balanse mellom jobb og fritid, så folk jobbar hardt og passar på å gjere «greiene sine» når dei kan.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg jobbar mykje strategisk og organisatorisk. Kva retning skal vi prioritere aller øvst, og korleis skal vi bygge ein best mogleg arbeidsplass for dedikerte, hardtarbeidande teknologar.

Kvifor jobb i Sogndal?

Som Lærdøl er eg ein av få rocketfarmere som kjem frå regionen. Og grunnen til at eg trivst så godt her i Sogndal er den gode balansen: Kort tid til det meste (12 min. til skitrekk, 4 min. til verdens største innomhus fotballøkke), samstundes som vi har over 3000 studentar som sikrar eit kultur- og restauranttilbod som er bra (nok). Eg får reist litt gjennom jobb, og synast Sogndal er ein veldig god plass å leve, både for vaksne og våre born.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Med tre born er det litt logistikk hos oss òg. Men med gangavstand til aktivitetane, har vi lite å klage på. Som ivrig jaktmann, er haustens ledige helgar ofte på 1000 moh. Og etter 10 år med jobb i Sogndal Fotball, er engasjement rundt klubben og Campus noko som opptak meg over middels. Elles er familien reiseglade, så desember brukar vi gjerne 10 flytimar herifrå om tid og peng tillèt det.

Rocketfarm med få ord:

Ei bedrift som gler seg til framtida og vil vere med å prege den!

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Ein privilegert rolle samanlikna med å jobbe i eit tradisjonelt, ofte konservativt, miljø. Det er uformelt, stor fridom og gode moglegheiter for utvikling.

Kva type Rocketfarmer er eg?

Den gamle, gretne gubben, då eg er desidert eldst på kontoret. Men eg håpar lang erfaring veg opp. Eg er prosjektleiar med ansvar for framdrift og sluttføring av ulike prosjekt. Er òg verneombod i bedrifta.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg har visst om Rocketfarm sidan den spede start og har alltid synast dei verka spennande. At eg har kjæraste og bonusfamilie her i Sogndal bidrar òg sterkt til det valet.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Stort sett musikkrelaterte ting. Eg er medeigar i eit produksjonsselskap, lager og spelar musikk. Eg er òg glad i sjølivet og fjell.

Rocketfarm med få ord:

 Innovative og vilje til å tenke annleis.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Varierande, utfordrande og morosamt.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Det kvinnelig tilskottet! … som ikkje forstår koding, pusher på deadlines og har fokus på kostnader og sal – som økonom og prosjektleiar.

Kvifor jobb i Sogndal?

Rocketfarm er eit veldig spennande selskap, nytenkande og ikkje minst grunna fjella rundt.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Køyrar pudder!! Eg går på topptur, står på ski, går på ski, syklar på sti og løpar i fjella.

Rocketfarm med få ord:

Eit konsulentselskap med fokus på teknologi.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Arbeidsdagen kan vere hektisk med mykje å gjere, men med fleksibilitet og gode medhjelparar løyser ein problema i lag.

Oppgåvene er allsidige og ein blir ofte utfordra med nye problem eller ny teknologi ein må lære seg. Kva prosjekt ein jobbar med om ein månand er stort sett uvisst, men det gjer det òg veldig spennande.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Kunnskapsmessig er eg litt «potet», kan brukast til det meste. Stillinga mi er utviklar, og eg har størst faglig tyngde i frontend.

Personlege eigenskapar:

*Sterkaste side: Prøvar alltid å sjå positivt på ting. Ingen problem er umulige, dei tek berre litt tid.

*Svakaste side: B-menneske, treng kaffi.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg valde Sogndal av tre grunnar:

1. Eg var lei av byliv.

2. Eg ville bu nærare heimstaden Sandane.

3. Eg såg etter ein jobb med kunnskapsrike kollegaer og spennande prosjekt.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

På sommarhalvåret går det mykje i turar i skog og mark, eller å halde liv i min gamle bil. Elles vert det trening og lagidrett.

Rocketfarm med få ord:

Spennande, lærerikt, inkluderande og sosialt.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Det er bra! Vi har spennande arbeidsoppgåver og store utfordringar kvar dag, men også stor friheit til å velje kva teknologiar vi nyttar for å løyse problema.

Kva for ein Rocketfarmer er du?

Eg er veldig fokusert på tekniske løysningar. Ingenting kan dra meg vekk frå det eg jobbar med når eg set i gang.

Kvifor jobb i Sogndal?

Fordi Rocketfarm er i Sogndal.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Eg dyrkar chili, både heime og på kontoret. 🙂

Rocketfarm med få ord:

Innovativ, familievennlig og eit godt team.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Det er utruleg kjekt. Folka på jobb er veldig trivelege og dei byr alltid på spennande arbeidsoppgåver og utfordringar. Dette passer meg heilt utmerka – da får eg prøvd litt av alt.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg er den einaste deltidtilsette. Eg er på jobb ved behov, og hjelper til med det eg kan. Eg er han nysgjerrige fyren som prøver å halde litt kontakt med alle. På den måten er terskelen låg for dei fulltidstilsette å spørje om hjelp til sine arbeidsoppgåver.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg studerer ved Høgskulen på Vestlandet, knappe 50 meter unna, så det å få ein deltidsjobb på campus passet heilt utmerket.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Eg studerer, lagar quiz, står på ski, er DJ, leiar studentorganisasjonen for idrett i Sogndal: Studentspretten.

Rocketfarm med få ord:

Utfordrande, engasjerande, kunnskapsrik og innovativ.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Spennande! Kvar dag jobbar vi med morgondagens teknologi, og det å få være med å forme framtida gir meining.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Ei godt modna potet! Mine oppgåver er mellom anna systemdesign, 3D-printing, CAD, elektro og sal.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eine og aleine grunna teknologien og dei smarte hovuda bedrifta har.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Klatring, padling, fjelltur, sandvolleyball og hobbyprosjekt. Med nytt laboratorium/verkstad på jobb, blir det brukt nokon timar der.

Rocketfarm med få ord:

Innovativt selskap, fylt med dyktige folk, som alltid tenker framover.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Som utviklar og konsulent i Rocketfarm får eg jobba med spennande prosjekt og framtidsretta teknologi. Det er gøy å jobbe med verktøy for å styre robotar, maskinsyn og maskinlæring på toppen av store datamengder. Eg jobbar ute hos kunden omlag tre av fem dagar, mykje av den resterande tida går med til å jobbe i team på Campus.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

I Rocketfarm er eg programvareutviklar, med omlag fem års erfaring. Forutan det faglege tilfører eg gjerne litt spontan aktivitet når eg ikkje er lenket fast til tastaturet. Eg er ikkje så flink til multitasking, så eg prøver å strukturere dagen min deretter. Med lengst fartstid i Rocketfarm kan eg skryte på meg både kontornakke og musearm, her eg står og kjører hev/senk-skrivebordet opp og ned.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg valde jobben i Rocketfarm fordi det verka som ein spennande jobb med eit fritidstilbod som passar meg godt. Eg skreiv oppgåve for Rocketfarm, og takket ja når det kom tilbod om jobb. Kort veg til jobb, aktivitetar ute og folka, det er noko av det eg likar veldig godt med Sogndal.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Eg stikker ut om været er godt, og det er det ganske ofte. I tillegg til å ferdes i fjellet, hender det at vi fridykkar og plukkar sjøkreps i fjorden.

Rocketfarm med få ord:

Ein engasjerande, framoverlent gjeng, som er ein del av eit større teknologimiljø i sterk vekst her på Campus.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Tempoet hos Rocketfarm er høgt, med store moglegheiter for å jobbe med ting som både interesserer og inspirerer. Eg opplever stor friheit til å utforme eigen arbeidsdag og bruke dei verktøya vi vurderer som mest egna til å løyse oppgåver. Eg forsøker å trå til der det trenges, med alt i frå systemutvikling til prosjektleiing for å få ting til.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg håpar eg lever opp til ein typisk rocketfarmer, som likar å fokusere på å løyse problem ved å nytte nysgjerrigheit, vere fagleg skikkeleg og nytte teknologi for å gi kundane verdi.

Kvifor jobb i Sogndal?

Sogndal ble valt for det spennande miljøet på Campus, der fagleg dyktigheit kombinerast med entusiasme og eit ektefølt ønske om å få ting til. Vi overtok eit gardsbruk i ein bortgøymd og særdeles vakker dal litt nord for Sogndal, etter mange år i Bergen. Rocketfarm har ein attraktiv kombinasjon av dyktige menneske, store ambisjonar og interessante oppdrag.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Born, og eit gamalt småbruk i ein bortgøymdt dal på Vestlandet, opptar mesteparten av fritida mi. Når eg får litt eigentid er stikkorda motorsag, brygging, sykling og snekring på hobbynivå.

Rocketfarm med få ord:

Rocketfarm er ei gruppe framoverlente menneske eg gler meg til å treffe om morgonen og jobbe saman med, for å finne løysningar på interessante problem for ambisiøse kundar.

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Kjekt og lærerikt. Mykje av kvardagen min er å forstå behovet til kundane, og løyse utfordringane ved å skape det dei treng. Dette gir eit breitt spekter av arbeidsoppgåver: Frå kundekontakt og prosjektleiing til spesifisering og utvikling av hardware og software. Med ei variert portefølje, får eg lære mykje forskjellig, samt å jobbe både konseptuelt og prosjektspesifikt.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg er robotutviklar. Eg tilfører kunnskap om det å styre mekanikk ved hjelp av elektronikk og programmering, og har erfaring med å jobbe i slike prosjekt – spesielt integrasjon og leveranse. Eg er analytisk, mål- og kvalitetsbevisst, nøyaktig, pålitelig, allsidig og har ei gjennomføringsemne eg er stolt av. Eg har òg ein tendens til å verte veldig engasjert.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg har hatt Rocketfarm i augekroken ei stund, og har lenge sagt at eg godt kunne tenke meg å bu i Sogndal av fleire grunnar. Sogndal har mellom anna dei beste tilhøva for ski og sykling i landet. Eg har òg familie på Sandane, og venner her frå barndommen eg fortsatt har kontakt med. I tillegg skjer det ting i Sogndal, det er liv her og heile plassen følast stadig på veg opp og fram.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Fyrst og fremst er eg familiefar. Elles går det mykje i sportsklatring, stisykling og ski. Vidare er eg audiofil, musikkinteressert og spelar blant anna gitar. Eg er glad i å lage ting og har nokre prosjekt gåande i heimen (vêrstasjon og smartspel). Utover dette har eg alltid vore glad i bil, motorsyklar og dataspel.

Rocketfarm med få ord:

Eit knippe dyktige og engasjerte menneskje som likar ei utfordring.