Arve

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Med spennande prosjekt, veldig dyktige og trivelige kolleger så ser eg fram til å gå på jobb kvar morgon.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg er ein elektronikk-ingeniør, som er lidenskapelig oppteken av programmering og elektronikk. Kombinasjonen av desse er berre magisk i mine auge. Har i hovedsak jobba i ulike roller i softwareutvikling innan forskjellige delar av oljebransja sida studiane.

Kvifor jobb i Sogndal?

Fordi Rocketfarm held til her. Eg er «Bergensaren» frå Sandnes som bur i Balestrand og jobbar i Sogndal.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

3D-printer og elektronikk-komponentar dragast fram frå skuffer og skap, når eg ikkje held på med oppussing av hus eller vedlikeheld bilene mine. Det blir fjellturar med familien i helgane og litt jogging på kveldane for å komme i form til årets happening: Balestrand opp.

Rocketfarm med få ord:

Kjekke, smarte og innovative folk med fokus på trivsel og teknologi.

Del: