Vi gjer roboten perfekt tilpassa ditt behov. Du leiger roboten til ein fast månadspris.

– Vi kallar det å ansette ein robot. Vi setter saman ein robot som utfører jobben du ønsker gjort, som ein prestasjonssterk ansatt. Det inkluderer tre månaders oppseiingstid, null sosiale kostnader og ein enorm kapasitet, fortell Egil Mundal, vår (nye) daglege leiar.

Kvifor ansette ein robot?

Våre robotar er ekstremt effektive, med lav kostnad for mykje vinning. Roboten samarbeider godt og vil helst jobbe blant kollegaer. Som ein trygg medarbeidar, stoppar roboten direkte om man skulle vere uheldig å dulte borti.

Roboten elskar å utføre repetitive oppgåver, som til dømes flytting av varer frå A til B. Dette kan frigjere ressursar hos dine ansatte. I tillegg er han irriterande nøyaktig og har stabilt fokus gjennom heile arbeidsdagen.

 

Pakkeløysingar