Robotar og teknologi for din industri

Thomas

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Tempoet hos Rocketfarm er høgt, med store moglegheiter for å jobbe med ting som både interesserer og inspirerer. Eg opplever stor friheit til å utforme eigen arbeidsdag og bruke dei verktøya vi vurderer som mest egna til å løyse oppgåver. Eg forsøker å trå til der det trenges, med alt i frå systemutvikling til prosjektleiing for å få ting til.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg håpar eg lever opp til ein typisk rocketfarmer, som likar å fokusere på å løyse problem ved å nytte nysgjerrigheit, vere fagleg skikkeleg og nytte teknologi for å gi kundane verdi.

Kvifor jobb i Sogndal?

Sogndal ble valt for det spennande miljøet på Campus, der fagleg dyktigheit kombinerast med entusiasme og eit ektefølt ønske om å få ting til. Vi overtok eit gardsbruk i ein bortgøymd og særdeles vakker dal litt nord for Sogndal, etter mange år i Bergen. Rocketfarm har ein attraktiv kombinasjon av dyktige menneske, store ambisjonar og interessante oppdrag.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Born, og eit gamalt småbruk i ein bortgøymdt dal på Vestlandet, opptar mesteparten av fritida mi. Når eg får litt eigentid er stikkorda motorsag, brygging, sykling og snekring på hobbynivå.

Rocketfarm med få ord:

Rocketfarm er ei gruppe framoverlente menneske eg gler meg til å treffe om morgonen og jobbe saman med, for å finne løysningar på interessante problem for ambisiøse kundar.

Del: