Robotar og teknologi for din industri

Stian

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Som utviklar og konsulent i Rocketfarm får eg jobba med spennande prosjekt og framtidsretta teknologi. Det er gøy å jobbe med verktøy for å styre robotar, maskinsyn og maskinlæring på toppen av store datamengder. Eg jobbar ute hos kunden omlag tre av fem dagar, mykje av den resterande tida går med til å jobbe i team på Campus.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

I Rocketfarm er eg programvareutviklar, med omlag fem års erfaring. Forutan det faglege tilfører eg gjerne litt spontan aktivitet når eg ikkje er lenket fast til tastaturet. Eg er ikkje så flink til multitasking, så eg prøver å strukturere dagen min deretter. Med lengst fartstid i Rocketfarm kan eg skryte på meg både kontornakke og musearm, her eg står og kjører hev/senk-skrivebordet opp og ned.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg valde jobben i Rocketfarm fordi det verka som ein spennande jobb med eit fritidstilbod som passar meg godt. Eg skreiv oppgåve for Rocketfarm, og takket ja når det kom tilbod om jobb. Kort veg til jobb, aktivitetar ute og folka, det er noko av det eg likar veldig godt med Sogndal.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Eg stikker ut om været er godt, og det er det ganske ofte. I tillegg til å ferdes i fjellet, hender det at vi fridykkar og plukkar sjøkreps i fjorden.

Rocketfarm med få ord:

Ein engasjerande, framoverlent gjeng, som er ein del av eit større teknologimiljø i sterk vekst her på Campus.

Del: