Om oss

Kven er vi?

Rocketfarm AS leverer robotar og teknologi til industrien. Med base i landets fremste aktivitetsbygd Sogndal, har vi dedikerte folk som trives både på jobb og på fritida.

Marknaden er både nasjonal og internasjonal. Vi har levert tekniske løysingar til kundar som Nortura, Norsun, Difi og Hydro, og robotløysingar til kundar både i Noreg og internasjonalt, deriblant softwareløysingar til robotprodusenten sin eigen marknadsplass, UR+.

Starten på Rocketfarm

Vi ønska å etablere eit firma med langvarig vekst og personleg trivsel. Korleis løyste vi det? Fann den mest aktivitetsvennlege bygda i Noreg – som i tillegg har god hjelp for oppstartsbedrifter. Så vi starta eige firma, men fann ikkje eit system for timeregistrering som vi likte. Korleis løyste vi det? Vi laga vårt eige, med briljante hovud frå egen bedrift.

Slik startar historia om Rocketfarm AS i 2008 …

Rocketfarm i 2018

I dag har vi klart å ta posisjon som eit ungt, skapande robotikk- og teknologifirma. Kombinasjonen faglig utfordring og majestetisk natur har gitt oss fleire ressurssterke kybernetikarar og utviklarar til Sogndal. Vi har blitt 15 rocketfarmere, men solid #hjernekraft. Dette gjer oss godt rusta til å løyse komplekse problemstillingar innan teknologi.

Vårt mål er å bli landets fremste leverandør av robot- og automatiseringsløysingar for industrien.

Ta gjerne ein prat med oss