Robotar og teknologi for din industri

Lars

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Som Rocketfarmer kan eg styre kvardagen min mykje sjølv. Eg jobbar stort sett med oppgåver eg likar, og eg er ein ganske rastlaus person. Typiske arbeidsoppgåver eg gjer, er å finne ut kva teknologi vi kan nytte kor, utvikling av programvare til robotane, prosjektleiing, kundekontakt, strategiske val for kvar bedrifta skal vidare etc.

Kort sagt: veldig mykje forskjellig.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Ein som er engasjert. Eg likar jobben min veldig godt, og det er ein del av min identitet som person. Eg tilfører engasjement, teknisk kompetanse, prosjektleiing og medkjensle til bedrifta. Mine personlige eigenskapar er rastlausheit, iver etter å finne ut av nye ting og løyse oppgåver som ikkje har vore løyst før – samt å formidle denne kunnskapen til andre.

Kvifor jobb i Sogndal?

Kombinasjonen av jobb og fritid passer meg midt i blinken. Eg gler meg til å gå på jobb nesten kvar dag, og eg gler meg òg til å gå heim frå jobb for å stå på ski, klatre eller vere ute i naturen.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Som nemnt over står eg helst på ski, klatrar eller er ute i naturen. Det er eit godt sosialt nettverk i Sogndal med mange likesinna, så det er aldri vanskelig å fylle ettermiddagane med aktiviteter med både høg og låg puls.

Rocketfarm med få ord:

Seriøst, leikent samarbeid.

Del: