Robotar og teknologi for din industri

Dan

Om meg:

Korleis er det å vere ein Rocketfarmer?

Kjekt og lærerikt. Mykje av kvardagen min er å forstå behovet til kundane, og løyse utfordringane ved å skape det dei treng. Dette gir eit breitt spekter av arbeidsoppgåver: Frå kundekontakt og prosjektleiing til spesifisering og utvikling av hardware og software. Med ei variert portefølje, får eg lære mykje forskjellig, samt å jobbe både konseptuelt og prosjektspesifikt.

Kva for ein Rocketfarmer er eg?

Eg er robotutviklar. Eg tilfører kunnskap om det å styre mekanikk ved hjelp av elektronikk og programmering, og har erfaring med å jobbe i slike prosjekt – spesielt integrasjon og leveranse. Eg er analytisk, mål- og kvalitetsbevisst, nøyaktig, pålitelig, allsidig og har ei gjennomføringsemne eg er stolt av. Eg har òg ein tendens til å verte veldig engasjert.

Kvifor jobb i Sogndal?

Eg har hatt Rocketfarm i augekroken ei stund, og har lenge sagt at eg godt kunne tenke meg å bu i Sogndal av fleire grunnar. Sogndal har mellom anna dei beste tilhøva for ski og sykling i landet. Eg har òg familie på Sandane, og venner her frå barndommen eg fortsatt har kontakt med. I tillegg skjer det ting i Sogndal, det er liv her og heile plassen følast stadig på veg opp og fram.

Kva skjer når arbeidsdagen er over?

Fyrst og fremst er eg familiefar. Elles går det mykje i sportsklatring, stisykling og ski. Vidare er eg audiofil, musikkinteressert og spelar blant anna gitar. Eg er glad i å lage ting og har nokre prosjekt gåande i heimen (vêrstasjon og smartspel). Utover dette har eg alltid vore glad i bil, motorsyklar og dataspel.

Rocketfarm med få ord:

Eit knippe dyktige og engasjerte menneskje som likar ei utfordring.

Del: